Prophil logo

Som ein ropar i skogen får ein svar...

Som du ropar

Ein blir kvar dag utsatt for ei stadig aukande mengd sanseintrykk. Fleire og fleire har noko å fortelje oss. Dei står på rad og rekkje og ropar. Alle ropar!

Du har kanskje eit bodskap du ynskjer å nå ut med sjølv? I så fall har du sikkert eit sett konkurrentar som prøver å nå ut med akkurat det samme bodskapet.

Slik me ser det har du to val. Du kan stille deg opp saman med konkurrentane dine og rope i munnen på dei, eller du kan kontakte oss!

Det er nemleg ikkje slik at den som roper høgast alltid blir høyrt. Kva om du stiller deg opp og ropar når konkurrentane dine trekkjer pusten?

Prophil Design hjelper deg å rope på riktig tidspunkt!

29. juni 2007

Prophil og KnarvikMila

KnarvikMila feirar i år 25-års jubileum. Som i fjor skal me også i jubileumsåret laga KnarvikMil-avisa som er eit vedlegg til Bergens Tidende i august. KnarvikMila går av stabelen den 30. august t.o.m 2. september.


15. juni 2007

K. Lerøy på web

K. Lerøy Metallindustri AS har bestemt seg for å ruste opp si heimeside. Me fekk jobben! No er me i full gang med å legge rammene for metallverksemda sitt nye uttrykk på veven.
Me ser fram til utfordringa!


01. februar 2007

K.Lerøy jubilerte

27. januar feira K. Lerøy Metallindustri AS sitt 50-års jubileum. I dette høvet laga me invitasjonar - med tilhøyrande konvoluttar - og ein bedriftspresentasjon som vart synt på jubileumsdagen.
Me takkar for oppdraget

Copyright © 2007 Prophil Design