Heim Grafisk design Brosjyrer Flygeblad Visittkort Storformat Webdesign Kontakt oss

Trykk det du treng - når du treng det

Eple P er eit trykkeri som spesialiserer seg på små opplag med korte leveringsfristar.

Den digitale trykkteknologien me nyttar gjer at antal eksemplar du skal ha, ikkje har særleg innverknad på pris. Små opplag kan produserast utan at kostnaden fyk i taket. Kanskje treng du berre nokre få eksemplar no, og resten over helga? Ingen problem for oss.

Produksjonen kan òg setjast i gong med det same. Av og til er produksjonsstart ikkje lenger unna enn eit par, tre museklikk.

Digitaltrykk opnar òg for at kvart eksemplar i eit opplag kan vera forskjellige. Du kan få eit visittkort med forskjellige baksider til same person, invitasjonar med forskjellige namn, flygeblad ferdig adressert til fleire for å nemne noko.

Ikkje trykk store opplag til lager av noko som er forelda om to veker. Trykk digitalt. Trykk det du treng – når du treng det.

Trykk det hos Eple P

Grafisk design

Å trykkje er ikkje alt me kan. Me hjelper deg gjerne med design av kva det skulle vere. Me er kanskje ikkje eit fullblods reklamebyrå, men våre erfaringar er at kunden gjerne er på jakt etter nokon med eit godt fagleg auge som kan levere eit smakfullt design på til dømes eit visittkort.Og det kan me!

Så dersom du har behov for å presentere salgsmateriell på ein profesjonell måte til ein fornuftig pris, kan me hjelpe deg.

Det me kan produsere, kan me også designe.

  • logo
  • grafisk profil
  • visittkort
  • brosjyremateriell
  • katalogar
  • messeutstyr

Hefter og brosjyrer

Trykte brosjyrer er eit godt virkemiddel for å marknadsføre dine produkt og tenester, eller for å spreie anna relevent informasjon om di verksemd

Me deler i hovudsak brosjyrene inn i to kategoriar:

Informasjonsbrosjyre: Eit produkt som høver godt til å spreie konkret og relevant informasjon om di verksemd, din idè, ditt konsept, prosjekt eller liknande.

Presentasjonsbrosjyre: Vert gjerne brukt i marknadsføring av produkt og tenester, presentasjon av verksemder og prosjekter. Føremålet med presentasjonsbrosjyren er gjerne sal og profilering. Ei flott brosjyre er med på å bygge opp under image og tryggleik.


Faldarar - enkel men effektivt marknadsføring.

Faldarar får du i mange format og falsevariantar. Dei mest populære er i formatet 10x21 cm og vert falsa som ein 6 side rullefals. (I prinsippet eit A4-ark som vert falsa ned til eit hendig format). Dette er eit format som vert mykje brukt i til dømes reiselivsnæringa. Andre bruksområde kan til dømers vera kart med beskrivelse, ein kortfatta brukarrettleiing, menyar eller liknande.

Flygeblad og DM

Utsending av flygeblad er ein enkel og rimeleg måte å spreie sitt bodskap på. Send dei i posten, del dei ut sjølv eller legg dei frå det stader der målgruppa ferdast.

Eit flygeblad er gjerne enkelt og rimeleg alternativ, men om ein brukar dei rett er dei effektive.


Direkte marknadsføring (også kalla DM) er i vinden att etter ein nedgongsperiode.

Eit DM har ofte ein trykksak som hovudelement. Den enklaste forma for direkte marknadsføring er gjerne å sende ut eit flygeblad eller verksemda si brosjyre saman med eit brev.

Responsen kan likevel auka ved at ein tenkjer litt ut over dette. Kva kan gjerast med innpakning? Kan standardbrosjyra bytast ut med ein meir eksklusiv trykksak?

Kontakt oss for gode idear!

Visittkort

Visittkort er ein av våre spesialitetar.

Eit visittkort er ikkje berre eit kort som inneheld opplysningar om eit selskap og/eller eit individ si adresse, telefon og heimeside. Visittkortet representerer deg og bør difor vere noko du kan vere stolt av. Når du legg att visittkortet ditt, legg du òg igjen ein liten bit av deg sjølv.

Me trykker alle visittkort digitalt på 300-350 gr papir, noko som gir flott resultat. Kort leveringstid.

Brevark og konvoluttar

Forretningstrykksaker som brevark og konvoluttar kan vere gode ambassadørar for di verksemd. Dette er, saman med visittkortet, viktige element verksemda sitt andlet. Med brevark og konvoluttar med ein profesjonell utsjånad er med på å bygge opp under inntrykket både eksisterande og potensielle kundar har av verksemda.

Storformat

Om du har lyst å blåse opp bodskapet ditt, står me klare til å hjelpa deg.

Med vår storformatskrivar kan me produsere alt du treng for å vise att i omgjevnadene dine. Plakatar, banner og rollups går som ein leik. Alt til fornuftige prisar, sjølvsagt.

Roll-ups er ein av våre spesialitetar, og me har fleire kvalitetar/prisklassar å velge mellom.

Tilleggsutstyr som plakatrammer, gatebukkar og brosjyrestativ har me òg

Er du ute etter ein messeløysing som er enkel å setje opp og transportere?
Vår pop-up (t.h) kjem i størrelsar på 3 x 3 meter og 3 x 4 meter. Transportkasse med print, som òg fungerer som bord/disk, og to spottar følgjer med.

Kontakt oss for eit tilbod.

Webløysingar

Sjølv om Eple P i første rekke er eit trykkeri, handterer me òg enkle webløysingar.

No for tida er websider med "Content Management System", som det heiter på nynorsk, veldig i skotet. Slike webløysingar gjer at du som brukar kan oppdatere websidene dine sjølv. På denne måten "er du sikra ei dynamisk webside" med "oppdaterte nyhende og informasjon".

Slike webløysingar er vel og og bra om du har ein organisasjon som kan handtere det, men me vågar ein påstand: Du, som driv ei lita eller mellomstor verksemd, har korkje anledning eller interesse av å bruke tida di på anna enn den daglege drifta.

Om du kjenner deg at i vår påstand er løysinga for deg gjerne det me vil kalla ei "brosjyre" webside. Ei "brosjyre" web-side er ei perfekt nett-løysing for små bedrifter med begrensa ressursar. Ei slik websider består gjerne av 1-5 enkle sider som fortel om kva produkt og tenester du kan tilby, litt informasjon om deg og verksemda og korleis kundane dine kan koma i kontakt med deg.

Skal innhaldet oppdaterast ringer du oss, så fiksar me det for deg. Du kan ringa oss mange gonger i løpet av et år for det ei løysing med CMS kostar deg i implementering og månadleg vedlikehald.

Alle sidene vert sjølvsagt designa etter verksemda sin grafiske profil.

Kontakt oss

Eple P ligg midt i Leirvik sentrum på Stord. Du finn oss i samme lokaler som reklamebyrået Zpirit; 3 etasje i Sæ 21.

Telefon: 907 83 352 eller 908 70 659

E-post: post@zpiritprint.no

Postadresse: Postboks 1265, 5406 STORD
Besøksadresse: Sæ 21, 5417 STORD